NRK Møre og Romsdal melder at reiarlaget Bourbon Offshore As ønskjer å hjelpe båtflyktningar i Middelhavet. Dei kan på kort varsel stille med skip for å hjelpe båtflyktningane.
Regjeringa vil sende eit sivilt norsk skip snarast råd, og Bourbon har varsla styresmaktene om at dei er klare for oppdraget.
- Me var der i fjor, og ønskjer bidra med det me kan. Dette er ei humanitær krise og me meiner det er viktig å stille seg til rådigheit, seier administrerande direktør Bjørn Idar Remøy til NRK Møre og Romsdal.
Remøy ser at eit slikt oppdrag vil vere ei stor påkjenning for mannskapet, difor må mannskapet sjølve melde seg frivillig om dei vil reise. Får dei oppdraget treng dei eit mannskap på 15, i tillegg til helsepersonell.