- Det kom folk frå heile distriktet til torskemiddagen, og vi satsar på liknande kos når boknesilda kjem på bordet søndag, seier Paul Endre Sætre og Even Gjerde i styret for Adolfbuda.

Mange finn vegen til Gjerdsvika når det luktar fiskemiddag frå det ramsalte forsamlingshuset ved sjøkanten i Gjerdsvika. Her kan ein ete så mykje ein orkar.

- Vi har flekt og hengt opp 1.800 sild, så det skal bli nok til alle. Sjølvsagt med lokal mjølkesuppe med havregryn til, og rosiner til etter behag! Potetene er nøye sorterte og kokt på tradisjonelt vis med skalet på. Eventuell sild som vert til overs etter middagen kan gjestene få kjøpe med seg heim, opplyser arrangørane.

- Kvaliteten på årets sild er førsteklasses, vert det raportert. Etter middagen vert det sal av kaffi og kaker, så her kan ein kose seg i timesvis.