Blåtinden barnehage i Haddal har planar om å utvide det eksisterande bygget og har fått innvilga eit lån på 4,5 millionar kroner. Dei har bedt Ulstein kommune om ein garanti på 20 prosent av dei totale planlagde bygekostnadane
I tråd med tilrådinga frå rådmannen og formannskapet vedtok Ulstein kommunestyre å innvilge garantien.
Garantibeløpet utgjer tilsaman 999.000 kroner.
Vedtaket er gjort med atterhald om at Fylkesmannen godkjenner det heile.