Corina Georgescu (32) frå Romania er ei naturglad kvinne. Ho hadde alltid høyrd at då burde ho reise til Noreg, for der var naturen veldig vakker.

I fjor sommar haika ho frå Sør-Spania, oppover Europa og tok ferje frå Hirtshals til Kristiansand. Derifrå fekk ho haik med ein mann i ti dagar, dei besøkte dei stadene i Noreg som visitnorway.com anbefalte. Då reiste dei mellom anna Atlanterhavsvegen.

I sommar kom ho tilbake i mai og reiste rundt i landet i 2 1/2 månad. Ho vandra rundt og campa i naturen. Ho var så langt nord som til Kirkenes.

– Eg elskar den fantastiske naturen her! Sunnmøre er den vakraste delen av Noreg, fortel den reiseglade kvinna som no er tilbake i håp om å få seg ein jobb. Ho har reist mykje rundt i verda, og har mellom anna vore til sjøs. Draumen no er å få bu på fagre Sunnmøre. Og få jobbe så ho blir kjent med kulturen og samfunnet, og så ho kan tene pengar til å leggje ut på nye eventyr, for ho vil sjå meir av verda.

Om nokon har ein jobb til henne kan dei ta kontakt med Vikebladet Vestposten.