Søndag 29. juni «tjuvstartar» årets Opplev Hareid med ein fjelltur til Holstadhornet via Kaldalen. Som i fjor er Leifen - Leiv Arne Grimstad - fjellførar.

I fjor gjekk turen til topps via «Ytreråsa» langs fjellkanten mot Brandalsstranda. I år startar vandringa i nordenden av Hareid kyrkjegard, går bort langs den nye kyrkjegardsdelen og opp til Rotarystien. Frå osen av Grimstadvatnet ber det opp til fylkesveg 61, over denne og framover gangvegen til Geilevegen. Herifrå finn vi vegen opp gjennom bustadfeltet til skogsvegen på Grimstad, som går opp fjellsida i ein stor v-sving.

Hund kom ut att hårlaus på Flø

Kaldalen er ein spesiell landskapsformasjon like ovanfor der skogsvegen sluttar. Det er lagt opp til ein liten avstikkar for å sjå på og høyre om Kaldalhola. Ei gamal segn fortel at ein hund villa seg ned i hola og kom ut att på Flø - hårlaus.

Kaldalhola og denne hundehistoria er eit sentralt element i Ivar Grimstad si barnebok «Den mystiske hola», som kom ut på Noregs Boklag i 1959 og som gjekk som opplesingsserie i Barnetimen.

50-60 meter ovanfor Kaldalhola ligg ei dramatisk remne i fjellet. Dette hogget må vere skapt av vatnet og isen si sprengkraft gjennom lange tider.

Trekning av gåvekort på toppen

Råsa vidare opp på vestsida av Kaldalen er bratt, men snart er ein oppe på «høgda», det som blir kalla Legene. Det kan vere temmeleg vått over Legene, så ein bør sko seg etter forholda. Frå skaret mellom Skafjellet og Holstadhornet går det rås vidare til toppen av Holstadhornet, der det blir trekning av gåvekort frå Hareid-butikkane.

Dei som ikkje ønskjer å gå den programfesta ruta til Holstadhornet via Kaldalen, kan sjølvsagt gjere det - og blir på lik linje med dei andre med på gåvekort-trekninga.

Det er sett av cirka to timar til oppturen, som er ein del kortare enn fjorårsturen via «Ytreråsa».

Brennsnut og pølser på Teigane

Etter samlinga på Holstadhornet vil Arnhild Vartdal servere sjølvkomponert brennsnut i «Grisehuset» på Teigane. Det blir også sal av pølser, kaffi og kaker.

Arrangørar for turen er Vikebladet Vestposten og Opplev Hareid