Hovsetmarka Utvikling vil byggje om lag 50–70 bueiningar. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange det blir, då einebustadene på 17 tomter kan førast opp med sokkelleilegheit

Det er utarbeidd eit framlegg til utbyggingsavtale mellom utbyggjar og Ulstein kommune. Avtalen omfattar bustader og infrastruktur som veg, vatn, avløp og gatelys.

Kommunalsjefen rår teknisk utval til å leggje planen ut til offentleg ettersyn. Saka skal opp 4. 6.