– Konferansen er viktigare enn nokon gong, seier mediesjef og marknadskonsulent Lars Petter Rønnestad i Hødd Fotball. Han ønskjer deltakarane velkomne til Ulsteinvik torsdag 16. april.

Hødd har også denne gongen invitert nokre av dei fremste næringslivsleiarane til å kome med synspunkt rundt marknaden, med blikk mot utsiktene framover.

– Meir enn nokon gong vil dette bli eit viktig treffpunkt der deltakarane får høyre synspunkt og utveksle meiningar om framtida i bransjen. Påmeldinga er som vanleg god, men der er plass til fleire i den store Sjøborgsalen, seier Rønnestad.

Innhaldsrikt program

Programmet for årets konferanse er innhaldsrikt. Det startar med eit bedriftsbesøk hos Kleven. Deretter går turen til Quality Hotel Ulstein. Her er podiet rigga for næringslivsleiarar på rekke og rad: Torstein Stavseng, CFO Farstad Shipping, Åge Remøy, President & CEO Rem Maritime AS, Inge Furre, sjeføkonom i Sparebanken Møre, og Ståle Rasmussen, konsernsjef CEO Kleven.

Det er innlagt pause med kaffi og mat, og om kvelden blir det duka til stor middag i regi av hotellet.

Lang tradisjon

Leverandørkonferansen har utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste maritime konferansane i regionen. For Hødd Fotball har dette vorte eit godt kontaktpunkt mot næringslivet. I fjor var talet på deltakarar nærare 200 deltakarar. I jubileumsåret håpar arrangøren på rekord.

Magne Grimstad jr. i Fantastiske Osberget er konferansier i år som i fjor.