I samband med utgraving til nye omsorgsbustader i Holsekerdalen har entreprenøren køyrd masse via den gamle Holsekervegen i Ulsteinvik. No er vegen skadd fleire plassar. Ein av naboane til Holsekervegen har gjort Ulstein kommune oppmerksam på problemet og fått lagt om køyreruta til tipp- og anleggsbilane.

8-tonnsveg

Gamle Holsekervegen høyrer til bruksklasse 8 (Bk8), som er ei vektbegrensing for bilane som køyrer der. Tipp- og anleggsbilar som køyrer med last må ha minst bruksklasse 10 (Bk10) for å køyre lovleg. Frå Statens vegvesen har entreprenøren fått dispensasjon til å køyre der med tyngre bilar enn det Bk8 tillet. Men det skal det ifølgje Ulstein kommune vera slutt på no.

– Situasjonen for Holsekervegen i det området eg bur i er svært kritisk. Etter at entreprenør Brekke & Kleppe starta utgravinga av tomta til omsorgsbustadene, har vegen blitt betydeleg skadd. Dei har gjennom ei veke køyrd all masse oppover Holsekervegen med store bilar, skriv vegnabo Kjell Barstad i eit skriv til kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik 16. juli.

Saman med bekymringsmeldinga til teknisk etat, har Barstad lagt ved nokre bilete. Blant anna eit bilete der han viser at vegen har sokke heile 15 centimeter.

– Eg ber om at akseltrykket vert sett ned umiddelbart for å berge vegen. Elles har kommunen store utgifter i vente. Eg fryktar også for at vegen vert så svak at kanten sviktar når bussen køyrer på den. Då er ulukka eit faktum, skriv Barstad, som har fått eit område som han sjølv asfalterte øydelagt som følgjer av den tunge transporten.

Barstad oversende saka til Vikebladet Vestposten sidan han tykkjer den er av allmenn interesse.

– At vegen er skadd er noko som opptek fleire. Spesielt for oss som bur her eller som nyttar vegen. Det er no semje om at lastebilar med last skal køyre om Strandkrysset. Difor er det interessant også for dei som bur langs Saunesbrauta og øvre Saunes, fortel Barstad, som har fått svar frå Arne#<\p>Runar Vik.

Prøveprosjekt

Vik har i samtale med prosjektleiar Lars Ove Mork i Kristiseter og Svein-Ove Kleppe i Brekke & Kleppe kome til semje om at transport med last skal skje via Strandkrysset.

– I samtalen var det semje om at utkøyring av masse frå tomta skal hovudsakleg skje via Sjøgata. Då kan tome bilar kome i retur via Holsekerdalen. Dermed minimaliserer vi faren for at Holskervegen vert skadd, skriv Vik i svaret til Barstad.

Brekke & Kleppe har no ferie, men kjem att for å halde fram utgravinga og vekkøyringa av masse 19. august. Då er Sjøgata stengd.

– Når arbeidet med utkøyring av masse startar opp att etter ferien, er Sjøgata stengd ved Saunesosen. Omkøyring blir via Saunesvegen. Korleis trafikkavviklinga så skal vera, må takast nærmare stilling til i veke 33 og 34 når vi har fått litt erfaring med trafikkavviklinga i Saunesvegen, avsluttar Vik.