Politiet melder fredag ettermiddag at dei har fått inn fleire meldingar frå PC- og databrukarar på Sunnmøre som over internett har fått pålegg om bøter som må betalast for at PC-en eller datamaskinen skal virke.

- Meldingane er åtak frå ulike datavirus, melder politiet.

Datavirusa opplyser at politiet i Norge pålegg mottakaren ei bot på grunn av ulovleg nedlasting av musikk, video eller pornografisk materiale.

- Bota må betalast for at PC-en skal kunne virke, heiter der.

SENDER IKKJE UT SLIKE MELDINGAR

Politiet opplyser at dei aldri sender ut slike meldingar.

Dei som får slike meldingar på datasystema sine kan ta kontakt med internett-leverandøren, som eventuelt kan hjelpe dei med å fjerne svindelforsøket.