Ein mann frå Sande kommune er i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 120 dagar. Han er dømd for 16 tjuveri, 3 heleri og for ei rad lovbrot med narkotika.

Han blant anna fleire gonger stole gjenstandar frå Sande sjukeheim og Sandetun. Med i dommen er også ei rad episodar der han har prøvd å få utlevert narkotiske stoff på apotek, med falsk resept. Dette har anna skjedd ved eit apotek i Ulsteinvik.

Mannen er domfelt 11 gonger tidlegare, og vart i 2011 dømd til samfunnsstraff i 120 timar.

No blir det fengselsstraff i 120 dagar.