Dette er den sjuande båten Havyard leverer til det indiske reiarlaget Global Offshore, og fartyet er det største som nokon gong har vore døypt i Fosnavåg hamn.
Havyard Group ynskjer å markere dette ved å invitere til ope arrangement, der ein får høve til å gå om bord i Makalu, og vere med på dåpsseremonien – som på indisk vis er litt spesiell. Etter dåpen blir det gratis familiekonsert med Erik og Kriss, som garantert får opp stemninga hos publikum.
Det er meldt godt vêr, så det er ingen grunn til å ikkje få med seg denne store hendinga. Så får det heller våge seg at det etter indisk tru betyr lukke om det regnar på dåpsdagen.
Global Offshore Services opererer en flåte med plattform forsyningsskip og ankerhandteringsfartøy i India, Nordsjøen og Brazil.
Nøkkeldata bygg 113 «Makalu»:
– Sjuande skip levert frå Havyard til Global Offshore
– Design: Havyard 832
– Skipstype: Plattform forsyningsskip
– Lengde: 79,80 m
– Breidde: 17,60 m
– Dødvekt: 4000 tonn
– Dekksareal: 800 m².
– Innreiing for 26 mann
– Skal direkte ut i oppdrag for Shell i Vest-Afrika. 1 års kontrakt med 4 eittårs opsjonar
Program:
Ope skip kl. 11, dåp kl 13 og konsert kl. 14