Tysdag ettermiddag har det vore til dels lange køer på Strandabøen. Grunna manuell dirigering har det tidvis vore køer og lang ventetid i begge retningar.

Bakgrunnen for den manuelle dirigeringa og reduksjonen i framkomelegheit er at det vert utført arbeid ved fotoboksa i området, der ein skal legge ned nye følarar.

16.30 er det ikkje klart kor lenge dette arbeidet vil halde fram.

Manuell dirigering på Strandabøen fører til nedsett framkomelegheit tysdag ettermiddag. Foto Joar Ødegård.