Ingeborg Ekoroll Elllingsund (23) frå Ulsteinvik er headhunta til 1. divisjonsklubben Bækkelaget SK Håndball.

Ho starta handballkarieren sin i aldersbestemte klasser i Hødd handball, og var deretter innom Aksla, Spjelkavika (Vika) og Ålesund handball.

For to år sidan flytta Ingeborg Ekroll Ellingsund til Oslo for å studere, og ho har sidan spelta for 3.-divisjonsklubben Vålerenga.

Men no er ho altså henta inn til 1.-divisjonsklubben Bækkelaget.

Blant tidlegare kjende handballspelarar på Bækkelaget sitt damelag er Susanne Goksøyr og Kjersti Grini.