Visste du at meir og meir av informasjonen du får på Internett, er plukka ut spesielt for akkurat deg? Stadig fleire av oss får vårt daglege påfyll av nyhende via sosiale medium og på digitale plattformer. Kvar gong du vitjar sosiale nettstader eller gjer eit søk på internett, fortel du nettstaden noko om deg sjølv og kva type informasjon som interesserer deg. Dette nyttar nettstaden til å filtrere innhaldet du får sjå slik at det skal passe til dine preferansar. Det du ser, er ikkje det same som ein annan person ville ha sett.

Praktisk? Ja, men samstundes risikerer vi at viktige nyhende, ting som vi kanskje ikkje er så opptekne av, men som vi bør kjenne til for å kunne delta konstruktivt i samfunnet, forsvinn ut av syne for oss. Kva gjer det med samfunnet? Endrar det på maktstrukturane? Vil vi ende opp med å berre diskutere det som ligg innanfor vår eigen personlege sirkel, medan dei viktige avgjerdene i samfunnet blir tekne utan at vi veit om det?

Deltakarar er Bente Kalsnes, stipendiat ved UiO, Finn Myrstad i Forbrukerrådet og Ragnhild Kristine Olsen, analysesjef i Amedia.