På Hareid kommune sine nettsider vert det åtvara mot stor gras- og skogbrannfare både her i området, og elles i fylket. Brannvesenet i Hareid kommune oppmodar om at folk respekterer fordbod mot eld i skog og mark, som gjeld i perioden 15. april til 15. september.

Ifølgje brannvesenet er det menneskleg aktivitet som står bak ni av ti brannar.

"Alle brannar må varslast så fort som mogleg til nødnummer 110

Medan du ventar på hjelp kan du starte slokkearbeidet sjølv, men ikkje ta nokon sjansar. Kom deg ut av området før flammane omringar deg", skriv brannvesenet.

Torsdag og fredag melder Yr.no om mindre mengder nedbør på Hareidlandet, men det er uvisst om dette er nok til at gras- og skogbrannfaren minkar i særleg grad.

Sikkerhverdag har desse tipsa for å sløkkje skogbrann:

1. Brekk eller høgg eit lite lauvtre på ca. to meter.

2. Fjern kvistar nedanfrå til du sit att med ein dusk i toppen.

3. Ikkje slå, men prøv å børst flammene tilbake.

4. Du kan også bruke sand eller teppe for å freiste å kvele flammene.

5. Dersom det er vatn og bøtter tilgjengeleg, er det berre å pøse på.