Den siste rekneskapsrapporten frå økonomileiar Svein Elde viser at Hareid kommune styrer mot eit solid underskot i 2012. Rådmann Grytten kommenterer at reduksjon i talet på tilsette er den einaste vegen som kan gi vesentlege innsparingar i løpet av kort tid.
Eit alternativ til redusert tenestenivå er å innføre eigedomsskatt - og/eller auke nivået på brukarbetalingane.
Eventuelt ein kombinasjon av begge tiltaka.
Grytten skriv dette i det økonomileiar Svein Elde legg fram eit rekneskapsoversyn pr. utgangen av september der oppvekst- og velferdssektoren tilsaman synest å gå mot eit meirforbruk på 8,8 millionar kroner. Når det så også ser ut til å bli eit urovekkande negativt avvik i frie inntekter, ymse statstilskot og Tussa-utbytet, ser det ut til at kommunen ikkje vil makte å dekke inn dei budsjetterte 4,2 mill. kronene av eit samla akkumulert meirforbruk på 15,2 mill. kroner frå åra 2009-2011. Mangt tyder på at denne inndekninga må skyvast ut til åra 2013-2014 - med 7,6 mill. kroner pr. år.
Strukturelle endringar i kommunen må nok til, men vil vere meir tidkrevjande å få til. Det gjeld blant anna innføring av eigedomsskatt. Derfor vurderer rådmannen ein reduksjon i talet på tilsette å vere det einaste tlitaket som kan gi VESENTLEG effekt på kort tid, sjølv om det vil føre til prosessar - i mange tilfelle opp mot seks månader.
Dei to sektorane som slit mest med å halde budsjettet, er oppvekst og velferd. Dei er også hovudsektorane i kommunen.
Oppvekstsektoren vart styrka med 6,8 mill. kroner i høve til 2011. Likevel signaliserer kommunalsjefen eit meirforbruk på om lag 4,8 mill. ved årsslutt. Velferd fekk redusert ramma si med 4,3 mill., men har ikkje makta å ta ut vesentleg kostnadsreduksjon gjennom vedtekne tiltak. Sektoren reknar med å gå om lag 4 mill. i minus ved årsslutt.
Rekneskapsrapporten blir lagt fram for Hareid formannskap i dag 13/11.