Ifølgje Robert Overå har olje frå emu, ein fugl i strutsefamilien, blitt brukt av aboriginarane i Australia i fleire tusen år for å lækje hud. Oljen hindrar bakterie-vekst, og blir brukt heilt opp til tredjegrads forbrenning. Han har også effekt til å bli brukt opp til solfaktor fem. Robert Overå var i åra 1997 til 2002 busett i Australia, og det var ein apotekar som sette han på sporet til strutseoljen – eller emuolje som han også blir kalla. – Dagen etter at eg smurde meg inn med emuolje var eksem borte, og han kom ikkje igjen heller, fortel Overå. Komen heim att til Noreg begynte han å leite etter emuolje, men utan å lykkast. Då kom tanken om at han skulle begynne å importere oljen sjølv, og i september i fjor etablerte han selskapet Ostrich Company saman med Robert Moltu. Begge jobbar skiftordning ved Rolls-Royce i Ulsteinvik. Utvikla ved laboratorium i Danmark Dei importerer raffinert og godkjent emuolje frå USA, og har fått sjefskosmetologen ved DermaPharma i Danmark til å blande det første produktet: hudkremen Newskin. Krukka derimot er det Robert Overå som har designa. Han har utdanning innan grafisk design og hadde klare tankar om korleis utsjånaden bør vere. Dei to kompanjongane meiner kremen hjelper huda med å fornye seg sjølv. Han gjer blant anna tynn hud tjukkare og hard hud mjukare – og motverkar rynker. I tillegg til ansiktskremen sel dei også 100 prosent rein emuolje. Oljen er godt eigna til bruk for den som er plaga med eksem, psoriasis, tørr hud – og til å ha på lur ved lettare brannskadar. Førebels sel dei kremen og oljen via heimesida www.ostrich.no og ved helsekostbutikk i Ulsteinvik og Ørsta og på hudpleiesenteret på Hareid, men målet er å få distribuert produkta gjennom ei kjede. Dei to karane har også planar om å utvide sortimentet med både bodylotion og sjampo etter kvart.
Nyhende →
Satsar stort på strutsekrem
Under eit opphald i Australia for vel ti år sidan vart Robert Overå plaga med eksem. Mange kremar og salver vart prøvde, men ingen ting hjelpte. Så fekk han tips om strutsekrem, og eksemen forsvann. No har han saman med svogeren Robert Moltu starta firmaet Ostrich Company as.