I eit hjørne av utstillingslokala har han laga til ein koseleg krok med fjernsyn, godstol og kaffikanne. I stolen ligg det ei pute det står «Home Sweet Home» på. Men der er ikkje berre idyll. Frå fjernsynet renn det blod. blodet renn over fillerya, og lagar eit liten blodpøl. Frå det raude golvet går det små raud barnespor bortover golvet og gjennom utstillinga. Om ein følgjer barnespora går ein under eit skilt der det står «You are now crossing the border», vidare kjem ein til bilete av norske fjell og ender opp ved eit bilete der flyktningar druknar i Middelhavet.

Roger Wagland forklarer at det er ein kommentar på korleis me sit i stovene våre og kosar oss med kaffi og kaker. Me slår på Dagsrevyen og får mykje elende servert inn i stovene våre. «Åja, 29 born drepne på Gaza, vil du ha meir kake?» kan me seie til ektefellen.

Afternoon Tears & Biscuits

I utstillinga vil det også bli dekka på tekoppar og kjeks. Wagland er frå Storbritannia, der dei drikk ettermiddagste. Men i staden for at han byr inn til «Afternoon Tea & Biscuits» står det «Afternoon Tears (tårer) og Biscuits (kjeks). Tekoppane vil vere fylte av tårer. Her vil kunstnaren skrive små lappar over tema han er opptatt av. Det vil også liggje nokre blanke lappar, som publikum kan skrive opp tema dei er opptatt av.

Mangfaldig utstilling

Utstillinga, som skal få hengje tre helger framover, er ei mangfaldig utstilling. Utstillinga viser kunst som Wagland har laga over fleire år. Då han fekk samla kunstverka i lokala til Hareid kunstlag såg han ein raud tråd.

– Det var artig å sjå korleis alt eigenleg heng i hop.

Bileta er akrylmåleri, collage og digital grafikk. Det er ein del surrealistiske verk. Wagland likar å vrengje på verkelegheita.

Sjølv om kunsten til Wagland har ein alvorleg undertone, er det brukt ein del sterke og glade fargar. Han seier at han vil ikkje at folk skal kome inn her og bli nedstemte. Sjølv om han vil gje folk ein liten realitetssjekk, ønskjer han at folk skal gå frå utstillinga hans med eit håp.

– Eg vil ikkje at alle skal bli triste, men få ei påminning om kor godt me har det, seier Wagland og gler seg til opninga.

Middelhavet: Dei raude barnefotspora ender opp her. Mange born druknar i Middelhavet. Andre born kjem over på den andre sida, men kva ventar dei der? Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Fargerikt: Det er mange fargerike bilete på utstillinga, noko som kan gjere godt på ein grå haustdag. Foto: Ingvild Aursøy Måseide