Ulstein frivilligsentral deler for 10. gong ut frivilligprisen. Prisen skal gå til ein initiativrik person, ei lokal foreining eller gruppe som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og/eller samfunnet. Vi veit at det er mange eldsjeler i Ulstein kommune som fortener å bli sett pris på, og vi oppfordrar alle til å nominere kandidatar!

Ulstein frivilligsentral ser fram til å  få mange forslag på gode og verdige kandidatar. Det er viktig å heidre dei eldsjeler og engasjerte medlemmar som styrkar samhaldet og betrar livskvaliteten i kommunen vår.

Frivilligprisen vil bli kunngjort  den 9. desember. Den internasjonale frivilligdagen er 5. desember. Frivilligprisen er på kr 5000.-

Frivilligprisen sitt mål er å setje fokus på det frivillige arbeidet menneske legg ned for andre, men også å skape engasjement rundt frivillig arbeid. Prisen skal synleggjere frivillig arbeid sin verdi gjennom å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats. Med ein frivilliginnsats over 115 000 årsverk ligg Noreg på verdstoppen i frivilligarbeid.

Frist for å kome med forslag til kandidatr er fredag 20. november.

I fjor var det Bjarne Røren som fekk Frivilligprisen i Ulstein.

Nominasjonane skal vere skriftlege og kan sendast/leverast til Servicetorget på Ulstein rådhus eller Ulstein Frivilligsentral.

e-post: inger.dimmen@ulstein.kommune.no. Frist for nominasjonar er torsdag 12. november.