Styreleiar i Kleven, og ein av dei største eigarane, Kjersti Kleven, fortel Vikebladet Vestposten at det er ei krevjande tid konsernet går gjennom no. Kleven har ifølgje tal frå Brønnøysundregisteret 4 milliardar kroner i gjeld, og Vikebladet Vestposten kjenner til at Kleven skuldar fleire underleverandørar pengar.

Ho seier at styret følgjer situasjonen, og jobbar godt saman med leiinga for å finne løysingar som sikrar vidare drift for verftskonsernet.

– Det er naturleg at styret er tett på situasjonen. Det ligg i saka sin natur, seier Kleven.

– Viktig ansvar

Kleven Martime Holding er per i dag den største aksjonæren i Kleven-konsernet, med 90,21 prosent av aksjane. Kjersti Kleven og søstera Annelise Kleven Godø eig kvar sin halvpart av John Kleven AS, som igjen eig 47,49 prosent av aksjane i Kleven Maritime Holding. Det er også fleire andre greiner av Kleven-familien som har eigarskap i holdingselskapet. Dette gir Kleven som eigarfamilie ekstra ansvar for å finne ei løysing, meiner Kjersti Kleven.

– Vi er ein del av dagens eigarstruktur, og har kontrollen over selskapet. Vi representerer, også gjennom styret, dei andre aksjonærane i ein slik situasjon. Det viktigaste ansvaret vi har no er å sikre vidare drift av selskapet, både for eigarane og for dei tilsette. Vi skal få på plass gode rammevilkår. Vi er i tett kontakt med dei involverte partane i dette, seier Kleven.

Industrielle eigarar

Kleven-familien sjølv er industrielle eigarar, og ifølgje styreleiaren er det ønskjeleg at eventuelle nye medeigarar i verftskonsernet skjønar seg på verftsindustrien.

– Vi har ikkje så veldig spesielle preferansar på kven vi ønskjer å få inn som medeigarar, utover at det er viktig å ha eigarar som er industrielle, og som forstår verksemda og marknaden vi opererer i. Men kven vi pratar med, og kva for nye eigarar som er aktuelle, ønskjer eg ikkje kommentere. Eg skjønar at mange lurer på dette, men om vi seier det kan det skade prosessen. Eg kan heller ikkje seie når ei løysing er i hamn, då dette er prosessar som lever sitt eige liv. Vi er som sagt i tett kontakt med bankane. Vi har ein tett og god dialog, seier Kleven.

Som seier avslutningsvis at ho håper på ei snarleg løysing.

Familieeigd: Kleven Maritime Holding, der fleire greiner av Kleven-familien er medeigarar, er per i dag største aksjonær i Kleven-konsernet. Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll