Vikebladet Vestposten møtte prisvinnaren i studioet hennar på Dimna. Cecilie Hatløy, som er ute i mammapermisjon for tida, fortalde om den store opplevinga medan ho passa på den 8 månader gamle sonen Pelle. Både han og dottera Marie på 8 år, får nok litt av æra for prisen, for dei var nemleg modellar på tre av bileta Cecilie deltok med. På biletet «Dåpsbarnet» har Pelle på seg ein 98 år gamal dåpskjole som har vore i familien i like mange år.

– Både mormor, mamma, alle dei fire borna mine og eg, pluss mange fleire i slekta, vart døypt i denne kjolen, seier Hatløy.

Ho deltok med i alt fire bilete, der biletet ho tok av Marie fekk høgast poengsum i årets laugskonkurranse (88 av 100). Men det som nok likevel betyr mest av dei tre personlege ho hadde med, var biletet av morfaren Harald Jørgen Hatløy og oldebarnet Pelle.

– Når eg først var så heldig å få ein liten tass i ein alder av 40 år, så var det veldig stort å få fotografere dei to saman. Det er ikkje alle som får oppleve å ha morfaren sin i live når ein er over 40. Han blir 92 i desember, og han er eit stort forbilde for meg den dag i dag. Eg håper morfar lever til han er minst hundre, slik Pelle og dei andre oldebarna også får sjansen til å bli godt kjend med denne fantastiske mannen. Biletet av Pelle saman med oldefaren tok eg då han møtte Pelle for aller første gong. Tårene trilla då eg sat og redigerte biletet eg hadde tatt. Eg var overlykkeleg over å ha foreviga to av dei viktigaste karane i livet mitt, saman, seier Cecilie.

Ein gong før har Cecilie portrettert morfaren sin, og det var til prosjektet «Øyfolket», som var fast laurdagsspalte i Vikebladet Vestposten i 2016.

– Den gongen tok eg med meg studioutstyret mitt heim til morfar, og vi hadde to timar i lag der, berre han og eg. Det var nok dei to viktigaste timane eg har hatt saman med morfar, etter eg vart vaksen. I framtida kan eg sjå på portrettet av morfar og tenkje tilbake på den gode samtalen vår, det betyr uendeleg mykje. Når tre av fire bilete som vart premiert i konkurransen er så personleg viktige for meg, vart denne prisen også ei ekstra personleg ære.

Alle gode ting er tre

Ho kunne stolt ta i mot den gjeve Daguerreprisen framfor eit samla fylkeslaug. Daguerreprisen blir gitt til den fotografen som oppnår den høgaste samanlagde poengsummen i laugskonkurransen.

– Det er noko med det å delta i konkurransar, det inspirerer og motiverer meg til å halde høg kvalitet på arbeidet mitt. Dette var femte året eg deltok, og etter å ha kome på andreplass to av desse åra, var det godt å endeleg klare førsteplassen. Alle gode ting er tre, tydelegvis, seier Cecilie smilande.

– Dette er både kjekt å vise til i samtale med gamle kundar og nye potensielle kundar, og samstundes eit kvalitetsstempel eg er veldig stolt av.

Med i landsstyret

Cecilie Hatløy beskriv seg sjølv som sjølvlært, men har planar om å ta sveinebrevet innan neste år. Ho starta å ta bilete profesjonelt i 2010, og i 2013 melde ho seg inn i Norges Fotografforbund.

– Eg var aktiv i forbundet frå starten av, og blei vald inn som ein del av landsstyret allereie første medlemsåret mitt. Der har eg vore i fire år. Det at eg har engasjert meg slik i forbundet har gitt meg fleire moglegheiter, mellom anna at eg har danna meg eit nettverk med dyktige fagfolk rundt meg. Det har verkeleg vore ein døropnar for meg. Hadde det ikkje vore for at eg melde meg inn i forbundet, så er det nok ikkje sikkert at eg hadde drive i dag, seier Hatløy.

Ho fortel at fotografyrket er eit til tider einsamt yrke.

– Ein møter mange hyggelege menneske i jobben, men det kollegiale er vanskelegare å få til i ein utfordrande og hektisk kvardag. Der har lauget og forbundet vore alfa og omega for min del, seier Cecilie Hatløy.

Stiller ut på veg mot Fjellstua

Møre og Romsdal Fotograflaug fyller 100 år i 2017, og i samband med det er det sett opp ei fotoutstilling ute i det fri i Ålesund. Biletet av Harald og oldebarnet Pelle, er eitt av dei over 30 vakre fotografia ein kan sjå saman med utsikta over Ålesund, opp gjennom trappene frå Byparken, og heilt opp til Fjellstua. Denne utstillinga varer i totalt fire veker, så det er framleis mogleg å oppleve den.

– Utstillinga er også ei vandreutstilling, så kanskje er vi så heldige at vi får den til vår kommune også etter kvart, om vi finn ein eigna utstillingsplass, seier Hatløy.