Etter felles forhandlingar med gruppeleiarane for alle partia i kommunestyret, låg alt til rette for ei udramatisk budsjetthandsaming i Ulstein kommune. Vel hadde Sosialistisk Venstreparti valt å likevel legge fram sitt eige budsjett, men det minste partiet i kommunestyret var nok klare over at dei hadde svært små sjansar til gjennomslag.
Berre SV ville innføre skatt
For SV og Morten Feiring var dei einaste som ville gjere som administrasjonen ved å innføre eigedomsskatt frå 2017. Det ville i rådmannen sitt framlegg gitt Ulstein kommune inntekter på om lag 14 millionar kroner. Rådmannen hadde eit ønskje om å sette av vel 12 millionar kroner til fond, men i staden vel politikarane å hente ut om lag 500.000 kroner frå dei oppsparte midlane.
Verner Larsen åtvara i si innleiing om at utsiktene ved inngangen til 2017 er verre enn dei var ved inngangen til 2016. – Den brutto skatteinngangen vår har falle betydeleg, og ligg no berre litt over 101 prosent av landssnittet, som har stige ein del i år. Vi får ulike signal frå næringslivet, men om det ikkje kjem nye kontraktar, så vil det truleg bli ein auke i talet på permitteringar i tida framover, sa rådmannen.
Uroa for 2018
Han uttrykte også uro for avsettinga til fond i fellesframlegget til budsjett.
– Eg er bekymra for 2018. Der er det budsjettert inn 14 millionar i eigedomsskatt, men ein har berre ei avsetting til fond på 800.000 kroner og dermed er nærast heile eigedomsskatten disponert. For der rådmannen hadde eit ønske om å sette av i overkant av 31 millionar kroner til driftsfond i løpet av fireårsperioden, ligg det berre inne vel halvparten av dette i fellesframlegget, og nærast all avsetninga ligg då på 2019 og 2020.
Framstegspartiet har tidlegare signalisert at dei meiner det er på tide med eigedomsskatt, og det tok Alf Johan Antonsen opp att under sitt innlegg.
– Lånegjelda til Ulstein kommune vil tynge oss, og derfor må vi gjere tiltak for å unngå å miste handlekraft. Vi må redusere lånegjelda, redusere investeringstakta og bygge opp midlar. Vi meiner tida er komen for å innføre eigedomsskatt, sa Antonsen.
Inviterte breitt
Men også Frp har valt å stille seg bak fellesframlegget, sidan det tidleg i budsjettdiskusjonane viste seg at partiet ikkje ville få fleirtal for innføring av eigedomsskatt. Det var Høgre sin gruppeleiar, Tor Meinseth, godt nøgd med.
– Frp la til grunn ein anna inntektsprofil, men ville likevel vere med på dette fellesbudsjettet og det er gledeleg. Ulstein Høgre inviterte breitt til samarbeid og dette vart godt motteke av alle partia, sa Meinseth før han ramsa opp nokre av tiltaka ein har prioritert i budsjettet. Ting som oppfinansiering av omsorgsbase, kvardagsrehabilitering, gangbru over Haddalselva og refusjon av dirigenttenester.
– Det er lagt inn eigedomsskatt frå 2018. Sjølv om dette skal opp til behandling kvart år vil vi varsle at vi ønskjer å stå fritt i denne saka, då den må sjåast i samanheng med den økonomiske situasjonen.
Krevjande tid
Magne Grimstad jr. frå Arbeidarpartiet var glad for at ein klarte å unngå eigedomsskatt i 2017.
– Det er ei krevjande tid både for innbyggjarane og næringslivet, og då er det godt å unngå denne skatten, men den vil presse seg fram om ikkje tidene endrar seg, sa Grimstad, som også meinte at det er lys i sikte sjølv om ein er inne i ei utfordrande tid. – Løftar ein blikket over panseret så ser ein kor privilegerte vi er, slo Grimstad fast.
Viktig samling
Steinar Torvik frå Kristeleg Folkeparti meinte det er naturleg at partia opplever ein viss frustrasjon over viktige postar ein ikkje har funne rom for å prioritere, men rosa dei konstruktive forhandlingane mellom partia.
– Det var veldig godt at seks av sju parti klarte å samle seg om budsjettet. Vi meiner at det er viktig med ei brei politisk samling om kommunebudsjettet, sa Torvik. Han la til at KRF gjekk til val på ei satsing på oppvekst og omsorg, og Torvik var derfor glad for at ein hadde funne rom til styrking av grunnbemanning, kvardagsrehabilitering og miljøarbeid retta mot helse og førebygging av rusproblem.
Pål Grødahl frå Venstre skulle helst sett at ein hadde funne rom til eit større krafttak for skule, enn det ein fekk moglegheit til i budsjettet. Som dei fleste andre, var også han glad for at det ikkje blir eigedomsskatt, men Grødahl fryktar at den kjem i 2018.
– I vårt opphavlege forslag hadde vi ei anna innstilling til budsjettet med større beskyttelse av fonda i kommunen, der vi ønskte å auke låneramma i staden for å ta av fondet slik vi gjer no. Det er viktig å tenkje langsiktig om vi skal unngå eigedomsskatt, men vi står i fare for å kome dit om vi ikkje får ein auke i skatteinngangen, sa Grødahl.
Også Lisa Mari Breivik Anderson frå Senterpartiet var nøgd med at ein også i år unngår å innføre eigedomsskatt, men ho la til at ein vil måtte vurdere ein slik skatt dersom alternativet blir å kutte i tenestene. Ho sa at ein gjerne skulle hatt meir pengar til drifta i kommunen, men var glad for at ein hadde fått på plass finansiering av gangbru over Haddalselva og pengar til refusjon av dirigenttenester.
Ingen grunn til å vente
Med fellesframlegget frå seks av sju parti, var det berre SV ved Morten Feiring som hadde eit eige budsjettframlegg.
– Vi har vurdert fellesframlegget slik at det ikkje gir nok spelerom, og i tillegg tek 12 millionar frå avsetning til driftsfond. Det er ikkje sikkert at kommunen får så store inntekter som det ein håpar på i 2017 og vi meiner difor at ein bør innføre eigedomsskatt frå 2017. Vi ser ingen grunn til å vente med det, sa Feiring som la til at eigedomsskatt i seg sjølv ikkje var eit fokus for SV, men heller at kommunen skal levere eit godt produkt gjennom gode tenester til innbyggjarane i kommunen.
Som venta var det likevel fellesframlegget som vart vedteke, og etter å ha fått sitt alternative framlegg nedstemt stilte også Feiring seg bak framlegget frå dei seks andre partia.