Rune Sjurgard, rådmann i Volda, som er vertskommune for det interkommunale barnevernet, seier til Vikebladet Vestposten at han på prinsipielt grunnlag vil løfte fram for fylkesmannen i Møre og Romsdal korleis barnevernet skal handtere å dele ut sensitiv informasjon om klientar i barnevernet til andre forvaltningsinstansar.
- Dette er viktig å avklare med sikte på framtidige undersøkingar av barnevernet i kommunane i Møre og Romsdal, seier han.
Årleg informasjon
Sjurgard er leiar i KS Møre og Romsdal, og har no reist spørsmålet der om å kople inn den juridiske forvaltningskompetansen hos Fylkesmannen. Sjurgard er også leiar for rådmannsutvalet i KS Møre og Romsdal, og han fortel at KS vil drøfte med Fylkesmannen eit opplegg for årleg informasjon om barnevernet i kommunen i fylket, der ein er open om kva som er bra, og kva som må bli betre. Dette for å få ei systematisk tilnærming og eit breiddeperspektiv på barnevernet.
– Sjølv om vi har eit interkommunalt barnevern, så har dei fire kommunane eit sjølvstendig ansvar for barnevernet. Viss nokon av kontrollutvala i kommunane meiner dei ikkje har fått ut tilstrekkeleg med opplysningar, ville det naturlege vere at dei ikkje sluttbehandla saka, men tok det opp med kontrollutvalssekretariatet, kommenterer Sjurgard.
Bakgrunnen for kommentaren er Ivar Mork, leiar i kontrollutvalet i Ulstein si utsegn om at det ikkje var alle kommunane som er med i det interkommunale barnevernet som hadde lagt godt nok til rette for revisjonen.