Det sikraste av alle vårteikn er når du ser konfirmantar i kvit kappe på ei kyrkjetrapp. Endeleg var dagen komen for om lag halvparten av konfirmantane i Ulstein sokn. I dag blei det halde to konfirmasjonsgudstenester i Ulstein kyrkje; desse begynte høvesvis klokka 10 og 12. Den andre halvparten vil bli konfirmert i morgon, søndag, med same tidsplan for gudstenestene. Ulstein kyrkje var stappfull då den første gruppa, anført av sokneprest Atle Hopland, gjekk i prosesjon inn i kyrkja til ein ståande, høgtidsstemt og forventningsfull kyrkjelyd. Og som alltid var det ein glad og letta gjeng nykonfirmerte ved kyrkjetrappa etter konfirmasjonsgudstenesta var over; letta fordi det heile endeleg var overstått – etter det som kjennest som lang tids førebuing. Med solskin frå ein litt utrygg himmel, håper vi dei får ei fin feiring av dagen!
Nyhende →