Hellström var iført blå hettejakke og dongeribukse då han sist vart observert.

Utvidar søket

Lensmann Per Otto Myklebust opplyser at dei freistar organisere søk til sjøs med hjelp frå frivillige båteigarar. Det er akkurat avslutta eit nytt helikoptersøk på Bergsøy og langs strandlinja på Remøy og Leinøy, utan noko funn. Innsatsleiar Janne Garnes Nilsen seier at politiet oppmodar folk som bur i sentrum av Fosnavåg og Huldal, samt i strekninga mot Eggesbønse og Toftestøda, om å leite etter mannen på eige eigedom. Store område har blitt gjennomsøkt i helga, men politiet kan framleis ikkje utelukke at mannen er på land. Politiet undersøkjer om det er kameraovervaking i sentrum som kan ha fanga opp bilete av mannen natt til laurdag.

Dette biletet er teke 19. april i år og synes hårsveisen til Hellström.
Dette biletet av Hellström er teke i februar og syner jakka han hadde på seg då han forsvann.