Hareid kommune måtte for nokre år sidan punge ut med om lag 800.000 kroner for å få godsterminalområdet godkjent som ISPS-hamn. Ei internasjonal sertifisering som skal sikre hamnene mot terror. Det var derfor trasig for kommunen at Norlines frå 1. januar i år slutta med dei faste rutene sine til Godsterminalen. Terje Karlsen Wiik, dagleg leiar ved Godsterminalen Hareid hamn, opplyser at kontrakten med Polarfeed vil generere stor aktivitet. Selskapet distribuerer for til oppdrettsnæringa for det færøyiske selskapet Havsbrun, og det kjem no lasteskip frå Færøyane inn til Godsterminalen kvar 11. dag. Foret blir lossa inn i ein hall på Alvestadkaia. Deretter kjem mindre båtar inn til terminalen for å frakte foret ut til oppdrettsanlegg i Storfjordbassenget. Per i dag er Fjordlaks største mottakaren.

ISPS-godkjenninga var avgjerande

Aktiviteten til Polarfeed gjekk tidlegare via eit anlegg i Stordal, men nye internasjonale reglar gjorde at selskapet vart nøydde til å finne seg eit anlegg med ISPS-godkjenning. Ifølgje Wiik Karlsen stod det mellom Flatholmen i Ålesund og Hareid. – Hareid kommune har fått ein del kritikk for investeringane sine i Godsterminalen Hareid hamn. Men denne kontrakten hadde vi ikkje fått utan at vi hadde ISPS-sertifiseringa, slår dagleg leiar fast. Han opplyser at det politiske miljøet med ordførar Hans Gisle Holstad i spissen, Lars Hustad i Hareid kommune og Helmer Hansen i Mineraltransport har vore positive støttespelarar. Den nye kontrakten gjer at Hareid kommune har tinga ein rubberhall på 12x28 meter som skal plasserast på terminalområdet. I tillegg er det kjøpt inn to nye truckar og handteringsreiskap for store konteinarar.

God aktivitet elles også

Karlsen Wiik understrekar at sjølv om Norlines sa opp avtalen med verknad frå 1.1. i år, har det ikkje vore stille ved terminalen. Spontantrafikken har faktisk tatt seg opp i løpet av 2008. Mange offshoreskip kjem innom kaia, og mange skip kjem innom med godsleveringar. Blant anna er Holstad Rørservice, som leverer utstyr til fiskemærer, ein viktig kunde. Ahlsell Norge leiger areal ved terminalen og Odim leiger innelager. Også Norway Pelagic er ein viktig kunde. – I tider som desse, då finanskrisa slår mot deg så snart du opnar ei avis eller skrur på ein radio, er det kjekt å få ein så viktig kontrakt som vi no har fått med Polarfeed, kommenterer Terje Karlsen Wiik.