– Vi er stolte av å få denne prisen, seier banksjef for personmarkedet i Ulstein og Hareid, Harald Rune Ulstein.

Nordea er den første nordiske banken som har vunne denne prisen, og det i konkurranse med nokre av dei største internasjonale bankane.

– I tider med tøffe økonomiske forhold og eit skjerpa regelverk er Nordea eit naturleg val for utmerkinga Årets bank i Vest-Europa. Banken sin relasjonsstrategi har synt seg å vere svært vellykka, og banken har utmerka seg med sin stabile og fornuftige bankverksemd, uttalar redaktør Brian Caplen i The Banker.

– Stolte

– Vi er stolte av å få denne prisen, som er eit resultat av samarbeid og god innsats frå kvar einaste medarbeidar i Nordea, samt den tillit kundane våre viser oss! Dette er veldig motiverande for det vidare arbeidet med å skape framtidas bank og trygge  evna vår til å skape positive kundeopplevingar, seier banksjef for personmarkedet i Ulstein og Hareid, Harald Rune Ulstein.

Tidleg ute

Nordea var tidleg ute med å tilpasse seg ein vanskeleg makroøkonomisk situasjon og eit nytt regelverk for bankar. Ikkje berre har banken klart å betjene eksisterande personkundar, små og mellomstore bedrifter og store multinasjonale verksemder, den har også klart å tiltrekke seg nye kundar! Alle delar av banken jobbar kontinuerlig med å utvikle tenester og rådgivning til kundane og sikre at den samsvarar med det nye regelverket for finansmarkedet.

– Vi har eit godt utgangspunkt, men vi har ønske om å bli endå betre til å oppfylle kundane sine forventningar og oppnå solide økonomiske resultat. Gjennom å utvikle  forretningsmodellen vår og alltid sette kunden i sentrum for alt vi gjer, skal vi gjere vårt ytste for å halde oppe den sterke posisjonen vår, også i eit endra banklandskap, seier Bergsvein Øvrelid, banksjef bedriftsmarked Sunnmøre Sør/Nordfjord.

Dei tre siste åra har prisen «Årets bank» i Vest-Europa gått til Santander (2011), BNP Paribas (2010) og HSBC (2009).

Nordea vart også kåra til årets bank i Finland (2012) og i Danmark kunne Nordea ta imot den nasjonale prisen for fjerde året på rad. I Norge har Nordea av Norsk Familieøkonomi blitt kåra til årets bank både i 2010 og 2011.