Då fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevna var samla til møte sist, vedtok dei ein uttale til budsjett og økonomiplan for Ulstein kommune.

Fellesrådet ser det som særs viktig, slik kommunalsjef helse og omsorg skriv i utgreiinga si, at kommunen treng fleire nye stillingar, særleg ved sjukeheimen og i heimetenesta. Desse stillingane vert også viktige med tanke på at Ulstein i 2014 skal ta i bruk 41 nye omsorgsbustader.

Samferdsel

Vidare meiner fellesrådet at Ulstein kommune må leggje til rette for kollektiv transport og buss-skur i utkantane.

Og dei meiner det må leggjast til rette med gangvegar og gatelys i heile kommunen.

Vedtaket var samrøystes.