For første gong på svært mange år har offshorefarty frå Herøy måtta gå i opplag, skriv Vestlandsnytt i dag.

Offshoremarknaden i Nordsjøen er overfull av farty akkurat no, seier Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway.

Dei to Herøy-båtane som ikkje har noko å gjere for tida, er 20 år gamle Bourbon Eko og 15 år gamle Havila Runde.

At dei to no ligg i opplag, går på både alder og storleik.

Bourbon Eko, som har gått i trafikk på Ekjofiskfeltet i tjeu år, er forresten lagt ut for sal, medan Havila Runde ligg i opplag på Eggesbønes.