Kommunane Hareid og Ulstein var i full gang med ein prosess som mange politikarar håpte skulle ende opp i ei samanslåing. Men prosessen stoppa opp då kommunane ikkje fekk dei midlane dei hadde håpt frå staten til utgreiingsarbeid.
Hareid kommunestyre gjorde då eit vedtak om å leggje prosessen på is, så lenge dei ikkje fekk tilført eigne midlar til prosessen. Men formannskapa i kommunane møtest innimellom til felles møte.
I dag diskuterte dei om det er område det er mogleg å samarbeide om, anten for å spare pengar eller for å gje fagfolk større og betre fagmiljø.
Det vart nemnd område som felles teknisk vakt, brannvern, spesialpedagogikk i skule og barnehage og administrative oppgåver som løn og skatt.
Dette er noko rådmennene og ordførarane fekk i oppgåve å sjå på i fellesskap.
Ulsteinpolitikarane ivra jamt over meir for samanslåing enn hareidspolitikarane. Det vart også spekulert i om det blir regjeringsskifte neste år, då reknar dei med å få draghjelp til samanslåing.
Ein som ikkje ivra like sterkt for kommunesamanslåing var Dag Audun Eliassen (Folkelista, Hareid). Men han sa han er for samarbeid så lenge det fører til betre tenester for innbyggjarane.