Sekretariatet i kommisjonen skal no gå gjennom og sjekke at områdainneheld dei kvalitetane som skal til for å fortene ein plass påRamsar-lista, som er ei liste over internasjonalt viktigevåtmarksområde.

Då representantar for Miljøverndepartementetbesøkte Runde tysdag, informerte seniorrådgjevar Irene Lindblad omkva dette kan bety for Runde.

– Det vil truleg verte lettare å fåmidlar til utarbeiding av forvaltningsplanar og gjennomføring avskjøtselstilta, sa ho.

I tillegg vil statusen som Ramsar-område iseg sjølv gjere fugleøya Runde enno meir attraktiv som besøksmål.

–Eg er glad for at Runde er på denne lista, seier Ingrid Opedal,1.kandidat for Møre og Romsdal SV og initiativtakar til besøket,der også fylkesmannens miljøvernavdeling deltok. Dette vil etterhennar syn vere med på synleggjere verdiane som finst på og rundtRunde. I neste omgang håpar eg sjølvsagt dette vil bli eitargument for at Møreblokkene framleis skal vere oljefrie, slik SVhar programfesta. Det er viktig av omsyn til naturen, klimaet ogfastlandsøkonomien, som har alt å tene på eit redusertoljeutvinningstempo, meiner ho.

Ramsarkonvensjonen er eininternasjonal avtale om bevaring og fornuftig bruka av våtmarker.Våtmark omfattar grunne sjøområde ned til seks meters djup,strandsoner, fuktenger, fuglefjell, ulike typar ferskvatn og elvar.

Norge har i dag 51 område på lista til Ramsarkonvensjonen. Alleområda er verna etter naturmangfaldlova og ved innmeldinga pliktarNorge seg til å bevare områdets økologiske karakter. Norgeprioriterer at områda får forvaltningsplan, skjøtsel, nødvendigkartlegging osb. Det inneber ingen endring av verneforskrifteneeller nye restriksjonar.

I denne omgang har ein valt ut trefuglefjell som har særlig bratt form som ligg nær matressursen tilfuglane. Runde har rundt 150 000 hekkande par sjøfugl.