Måndag morgon var ein svært spennande dag for fleire seksåringar. Ny ransel, nytt penal, nye blyantar og ny undervisningsstad.
Energiske
Vikebladet Vestposten tok turen innom Ulstein skule i Ulsteinvik måndag morgon for å helse på skulen sine ferske førsteklassingar.
Etter nokre kjappe spørsmål, slengt ut i lufta over dei svært energiske førsteklassingane, fekk vi ei stadfesting på at det er kjekt med skulestart. Svaret kom jublande.
Høge forventningar
Rektor ved Ulstein skule, Berit Brunvold, fortel det er kjekt med nye blide elevar ved skulen.
– Ved skulen vår har vi flinke elevar som oppfører seg bra. I tillegg har vi flinke lærarar.Dette gjer at vi har eit godt klasse- og læringsmiljø ved skulen, fortel rektoren.
Skulen har i år 17 nye førsteklassingar.
– Kullet førsteklassingar varierer veldig. Vi har vore heilt nede i 7 elevar og opp i 23 elevar. Dette skuleåret har vi til saman 108 elevar. Det er faktisk rekord for skulen, smiler Brunvold til slutt, som trur dei saman med sine nye førsteklassingar vil få eit kjempeflott år.