Eitt år etter orkanen "Dagmar" er det igjen kraftig vind på veg mot Søre Sunnmøre. Vêrvarslinga på Vestlandet har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag.
Frå torsdag morgon er det venta sørvest liten og til dels full storm på kysten av Møre og Romsdal og på utsette stader.
Det er Nordmøre som er venta å få den kraftigaste vinden her i fylket.
På føremiddagen same dag slår vinden om til nordvest opp i liten storm.
Der det ikkje blir storm er det venta vindstyrkar rundt 20 sekundmeter, altså sterk kuling.
Det er venta ein god del snøbyger saman med uvêret. Fredag minkar vinden til nordvestleg bris, og temperaturen er venta å stige.
Sidan stormen kjem i kombinasjon med snøbyger er det venta vanskelege køyreforhold.