Om morgonen 17. mai fortel politiloggen frå Sunnmøre politidistrikt at det har gått roleg føre seg på Hareidlandet.

Natt til 17. mai er det vanleg for fleire, i tillegg til russen, å feste til langt på natt. Difor er det berre meldingar om støy frå fleire privatfestar som pregar Hareidlandet – og resten av sunnmørsregionen, opplyser operasjonsleiaren.

Ein meldt - eit førelegg

Om vi tek turen gjennom Eiksundsambandet, finn vi meldingar frå Ørsta natt til 17. mai.

Klokka 01.46 fekk operasjonssentralen i Ålesund inn ei melding frå ei patrulje, der ein bil var stogga med for mange passasjerar. Bilføraren fekk eit forenkla førelegg.

I tillegg vart ein av passasjerane i bilen meldt av politiet for trugande åtferd, blant anna for å ha prøvd å rive til seg tenestemannen si føreleggsblokk.

Stal skilt på tenestebil

I Sykkylven starta nasjonaldagen med at skiltet på ein tenestebil til ei politipatrulje var blitt stole. Dette blei oppdaga klokka 05.00 i dag tidleg.

Det sakna skiltet har skiltnummer UF28657.

Elles har det gått føre seg i Ålesund med blant anna slåsting, russ bak på russebil under fart og besøk i fyllearresten.