Fullbyrding for straffa er utsett med ei prøvetid på to år.

Bakgrunnen for dommen er at i natt i fjor under Maritime Dagar i Herøy sparka ein politimann i eit kne i det politiet skulle følgje han bort frå eit konsertområde.

Han truga også politiet verbalt. Viss ikkje politiet fjerna seg, skulle han «få seg ein på kjeften».

Mannen hadde blitt utvist frå festivalområdet tidlegare på kvelden, på grunn av knuffing mot ein annan person. Men vaktene sleppte han inn att då han hadde roa seg ned.

I rettspapira står det at sjølv om det ikkje er snakk om eit alvorleg tilfelle av vald mot politiet, så fann hendinga stad ei laurdagsnatt under ein festival med mykje folk til stades. Det er då av stor betydning at politiet får utføre oppgåvene sine uhindra.