Henrik Nygjerde (10 år) ønskjer seg skatepark i Haddal så sterkt at han skreiv brev til ordføraren om det.
<strong>Skatarar i Haddal:</strong> Ulrik Farstad, Emil Myrene og Henrik Nygjerde seier at om dei får ein skatepark i Haddal vil dei nytte han masse. No må dei berre rulle rundt på sparkesyklane og bretta sine rundt omkring i bygda, det hadde vore betre med ein eigen park til det. Då slepp dei passe seg for bilar og dei kunne ha gjort meir.