Koplinga av rike kraftkommunar med fattige naboar, eigedomsskatt og fordeling av verdiar mellom fylke og kommune skapar hovudbry i mange kommunar, fortel Dagens Næringsliv.

Kommunane har frist på seg til våren 2016 om å søkje om samanslåing. I Øygarden kommune i Hordaland er det eigedomsskatten som er utfordringa.

– Me sit på store inntekter frå eigedomsskatt. For oss er det viktig å behalde nokre av desse pengane sjølv til planlagde investeringar i Øygarden, seier ordførar Åse Husebø (Ap) til DN.

Direktør Gunn Marit Helgesen i KS, interesseorganisasjonen til kommunane, seier til avisa at forhandlingane kan bli krevjande, og at dei har varsla departementet om at nettopp inntektskampen kan stoppe planlagde samanslåingar.