Fellesforbundet planlegg å trappe opp streiken i hotell- og restaurantbransjen frå komande laurdag. Då vil både Quality Hotel Ulstein, Thon Hotel Fosnavåg og Hotell Ivar Aasen i Ørsta bli råka.

Avisa Møre-Nytt skriv at Sagafjord Hotel på Sæbø og Hotel Union Øye ikkje blir råka i denne omgangen.

Blir den andre runda iverksett, vil 2.447 nye medlemer, fordelt på 209 bedrifter, bli tekne ut i streik.

27 i Ulsteinvik

Omfanget i dei nemnde hotella er 10 i Ørsta og Fosnavåg og heile 27 i Ulsteinvik.

Bedrifter i Akershus, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Rogaland, Troms og Finnmark blir tekne ut i den andre runden.

Konflikta går på kor vidt dei organiserte skal ha lokal forhandlingsrett. I tillegg er det eit lønsspørsmål.