Hareid kommune sitt valstyre hadde i dag møte der det blei vedteke å ha folkerøysting/opinionsrøysting i kommunen 22. august 2016, står det på Hareid kommune si heimeside. Det skal røystast over samanslåinga av Hareid og Ulstein kommune til Hareidlandet kommune. Røystesetelen skal enkelt og greitt ha teksten:

"Ynskjer du at Hareid og Ulstein skal slå seg saman til ei ny kommune, Hareidlandet:

Ja

Nei

Veit ikkje

(Kommenter nederst på setelen:) Du kan berre sette eit kryss. Setlar utan kryss tel som blank røyst."

Ein kan førehandsrøyste ved Hareid rådhus frå 10. august - 19. august kvardagar mellom kl. 09.00 og 14.00.

Sjølve folkerøystingsdagen 22. august er organisert slik:

• Bigset krins - Bigset bedehus kl. 13.00 - 19.00• Brandal krins - Brandal friskule kl. 13.00 - 19.00• Hareid krins - Hareid rådhus kl. 10 - 21• Hjørungavåg krins - Hjørungavåg bedehus kl. 13.00 - 19.00

Det skal i tillegg gjennomførast ei opinionsundersøking i veke 32/33 med fylgjande spørsmål:

a) Kjønn     b) Alder     c) Ynskjer du at Hareid og Ulstein skal slå seg saman til ei ny kommune, Hareidlandet.

Innbyggarundersøking i Ulstein

Ulstein kommune skriv på sine nettsider at dei skal gjennomføre ei innbyggarundersøking. Der vil 500 personar i kommunen verte kontakta på telefon. Det er ikkje oppgitt noko konkret tidspunkt, men dei skriv at det skal skje før avtalen skal handsamast i kommunestyret 1. september.