I skarp konkurranse med både norske og utanlandske verft har Myklebust Verft fått tilslag på bygging av to ferjer.

– Dette sikrar sysselsetjinga ved Myklebust i eit par år framover, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

Myklebust Verft skal byggje to nye ferjer med batteriteknologi for FosenNamsos Sjø. Kontakten vart kunngjort for dei tilsette ved Myklebust måndag formiddag, og konsern Ståle Rasmussen i Kleven kan rapportere om god stemning på Myklebust.

– Vi trengde snart nye kontraktar, så det er svært positivt at vi fekk det på plass no, kommenterer konsernsjefen.

Myklebust Verft har om lag 150 eigne tilsette, og med denne kontakten er dei sikra arbeid i alle fall i to år framover.

Rasmussen fortel at dei har jobba hardt for å få denne kontrakten.

– I seinare år har det gått mykje ferjebygging til land som Tyrkia og Polen, og det er dermed gledeleg at kontrakten gjekk til Norge – og Myklebust, seier han.

Designa av Multi Marine

Kontrakten inneber at Myklebust skal bygge to energieffektive personbilferjer som er designa og utvikla av Multi Maritime. Ferjene vil ha teknologiske løysingar i verdsklasse og eit energiforbruk som er berekna å bli mindre enn 30 prosent av normalforbruket for konvensjonelle dieseldrivne ferjer av same storleik.

Teknologien som skal brukast, er såkalla plug-in hybrid. Det betyr at ferjene har eit batterisystem der ein betydeleg del av energiforbruket kjem frå heilautomatisk ladding når ferjene ligg ved kai.

Kleven-konsernet har også tidlegare bygd skip med ulike batteriløysingar.

– Men batteriløysinga som no skal nyttast, er i ein ny divisjon. Det skjer mykje spennande utviklingsarbeid innan batteriteknologi som gir meir miljøvennleg transport til havs, og vi ønskjer å vere ein viktig partnar i denne utviklinga, seier konsernsjefen.

Konsernet har fleire andre fartøy med ulike batteriløysingar i ordreboka, blant anna to nye hurtigruteskip.

Administrerande direktør Grete Fuglem Tennås ved Fosen Namos Sjø seier i ei pressemelding at ho er glad for at kontrakten gjekk til eit norsk verft, og at ho har stor tru på at Myklebust/Kleven vil handtere godt det teknologisk krevjande utviklingsprosjektet.

Kva verdien av dei to kontraktane er på, kan konsernsjefen ikkje røpe.

Ferjene som skal byggjast ved Myklebust Verft er designa og utvikla av Multi Maritime. Leveringa blir i slutten av 2018.