Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, har skrive dette svaret:

Lokal- demokratiet i Ulstein

For ein som er oppteken av demokrati og innbyggarmedverknad er det viktig å ta innspel om manglande demokrati på alvor. For underteikna er det også viktig å sjå saka i frå innbyggaren sitt perspektiv framfor å gå i forsvarsposisjon både på eigen og administrasjonens vegner. Det er ganske harde påstandar både Jon Georg Larsen og Pål Grødahl kjem med, og difor er det også nødvendig å svare på desse.

La meg beklage med ein gong at Jon Georg Larsen ikkje har fått ei god nok tilbakemelding på sitt initiativ om å stenge Gjerdegata bak Ulstein Arena for buss. Hadde vi følgt våre eigne reglar og krava til sakshandsaming i forvaltningslova, burde Jon Georg Larsen fått rettleiing av sakshandsamar og ei tilbakemelding på korleis saka ville verte handsama. Når det er sagt, fekk levekårsutvalet brevet som meldingssak (til orientering) berre 1 veke etter at det vart motteke av kommunen. Alle råd og utval handsamar framlagde meldingar i starten av møtet før dei ordinære sakene. Kven som helst i utvalet kan be om ordet i saka, samt at utvalet på eige initiativ kan gjere meldingssaka om til ei vedtakssak eller be administrasjonen fremje saka til neste møte som ei ordinær politisk sak med framlegg til vedtak. Utvalet tok ikkje eit slikt initiativ, mest truleg fordi ein ikkje har funne det naudsynt eller ønskjeleg. Saka blei seinare handsama i teknisk utval som samrøystes slutta seg til vurderingane frå administrasjonen om at Gjerdegata burde vere open for trafikk. Sett i ettertid hadde det nok vore fornuftig at levekårsutvalet hadde gitt ei uttale før teknisk utval handsama saka, men om det hadde gitt eit anna utfall, er slett ikkje sikkert.

Når det gjeld den litt meir generelle påstanden om at maktfordelinga mellom administrasjon/politikarane og innbyggarane sine initiativ er i ubalanse, er eg ueinig med Larsen og Grødahl. Tvert om opplever eg at både dei folkevalde og administrasjonen ser på medverknad frå innbyggarane som både viktig og ønskjeleg. Vi er opptekne av at innspela vi får skal vurderast seriøst, og at flest mogleg skal vise igjen i praksis. Det betyr likevel ikkje at alle initiativ og innspel vert vedtekne, av ulike grunnar. Kommunens oppgåve er å ivareta flest mogleg sine interesser, og må som oftast gjere vanskelege avvegingar.

Saka om rusomsorgsbustader vert trekt fram som eit eksempel på at administrasjonen har overkøyrd dei folkevalde. Her gav utvalsleiaren ei feil framstilling til kommunestyret i møtet 21. september. Både fellesrådet og levekårsutvalet fekk ei grundig orientering tidleg i vår for å kunne gi styringssignal før ein gjekk vidare med prosessen. Etter sommaren fekk dei same utvala, i tillegg til formannskapet og kommunestyret saka, tilbake til endeleg handsaming. Dessverre var ikkje leiaren i levekårsutvalet til stades i nokon av møta i utvalet, og det er nok forklaringa på kvifor det «gjekk ei kule varmt».

Det har det siste året vore fleire saker som er unnateke offentlegheita enn det som er vanleg. Hovudreglen er at alle saker er offentlege, men av og til har også kommunen gode grunnar for å unnta saker frå offentleg innsyn. Dette kan vere forretningsmessige årsaker, vern av personopplysningar eller krav til sikkerheit. Saka om Ulstein Arena handlar om å sikre kommunens forhandlingsposisjon, og det er openbert at det ville vere utruleg dumt av kommunen å blottlegge sin posisjon medan motparten sjølvsagt ikkje gjer det. Fylkesmannen har også stadfesta kommunen sin rett til dette etter at Venstre klaga på vedtaket.

Vi har i denne perioden innført ei rekke tiltak som skal betre demokratiet, og eg nemner spesielt: 1) Årlege krinsvise folkemøte med aktuelle tema. 2) «Slik kan du påverke»-rettleiing på nettsida vår om korleis ein best kan påverke. 3) Kortversjonar av politiske saker som skal handsamast vert publiserte på nettsidene våre og på Facebook. 4) Ideverkstadar vert brukte som del av planprosessar. 5) Overføring av kommunestyremøte på nett. 6) Publisering av tilbakemeldingar frå innbyggarane våre i årsmeldinga (ris og ros). 7) Omlegging av møteplanen slik at råd og utval skal kunne handsame fleire saker.

Eg kjenner meg difor ikkje igjen i beskrivinga som Jon Georg Larsen og Pål Grødahl framset. Sjølv om ein ikkje får gjennomslag for eigne synspunkt, vil det ikkje seie at prosessen har vore udemokratisk.

Knut Erik Engh

ordførar i Ulstein