Biblioteksjef Mona Iren Auganæs fortel at det er både med glede og vemod dei markerer siste opningsdag i Bjørndals Minne. Her har Ulstein Bibliotek halde til i 38 år, og det er mange som har sterke og gode minne knytt til bygget. Samtidig gler ho seg til å flytte inn i moderne og nye lokale i Ulstein Arena.

Biblioteket har kjøpt inn kake og bede inn ein del gjester, men alle som vil er sjølvsagt velkomne innom.

Auganæs fortel at det er mange som brukar biblioteket. Mellom anna er Gunder Runde og Inga Ishild Hareide der jamleg med litteraturgruppene sine i regi av Senioruniversitetet. Dei er bedne om å kome denne dagen. Dei tidlegare biblioteksjefane Bjørg Ottesen Høie og Ann Mari Harkjerr er også inviterte. Det kjem også representantar frå kulturkontoret i Ulstein.

Biblioteket blir stengt i tre månader, før dei opnar i dei nye lokala i Ulstein Arena. Kassa for å levere inn bøker utanom opningstidene blir ståande fram til 1. oktober, som er siste frist for å levere bøkene.