(NPK/Kari Hamre): "Norske Ødegårder. Historien om stedene vi forlot" tek føre seg ni gardar frå ulike kantar av landet. Nokre av dei er nesten heilt overgrodde og borte. Andre står akkurat slik dei blei forlatne. Med tekst av Øystein Morten og bilete av Pål Hermansen gir boka glimt av landet vi bur i. I nær og fjern fortid. Her er med alt frå ruinane av ein ballsal på ein embetsgard til forblåste husklynger under ein fjellhammar.

Gard utan drift

Omgrepet "øydegard" blir gjerne brukt om gardar som blei liggjande fråflytta og aude etter svartedauden. Men definisjonen er eigentleg "ein gard som er ute av drift som sjølvstendig brukseining".

Sidan 1970 har meir enn 115.000 gardsbruk blitt lagde ned i Noreg. På om lag 30.000 bruk bur der ingen lenger – og det er omtrent like mange gardar som blei liggjande aude i hundreåra etter svartedauden.

Dei aude gardane er spreidde over heile landet. Naturen tek sakte over husa, og spora etter menneske blir viska ut.

Kvifor låste dei og drog …?

– Eg ville skrive om nokre av dei gardane der alle dørene er blitt lukka for siste gong. Eg ville finne ut korleis det var der den siste dagen og bakgrunnen for at det gjekk som det gjekk, seier historikar og forfattar Øystein Morten til Nynorsk pressekontor.

I leitinga si etter øydegardar har han sendt e-post til kommunar, historielag og museum over heile landet med førespurnad om spennande forlatne gardar. Han fekk mange svar, og nokre av gardane i boka har han funne på denne måten.

– Men det har slått meg kor mange som ikkje ser forfallet i sitt eige nærområde. I staden peikar dei på flotte, restaurerte gardar. Det er det ein gjerne vil vise fram.

Ein annan måte han har funne fråflytta gardar på var å søkje på ordet "forlatt gård" på biletgoogle. Då dukka det også opp døme frå Noreg.

Viser mangfaldet

Dei ni gardane som har fått plass i boka er å finne i Østfold, Akershus, Hedmark, Telemark, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark.

– Eit kriterium for utvalet har vore at gardane skulle vere spreidd over heile landet, og til saman vise mangfaldet blant dei stadene som no blir liggjande aude, seier Morten.

Skamkjensle

Å ha eigedommar som står til nedfalls kan vere eit kjensleladd tema å ta opp og snakke om. Det er ikkje alle som har villa bli eksponert i bokprosjektet.

– Den gjengse oppfatninga er at det er skammeleg. Ein synest det er trist at hus forfell. Folk føler at det er vanskeleg å vere eigar og privat å snakke om. Men for ein historikar er det interessant at vi har eit så sterkt forhold til hus som forsvinn. Det er typisk for vår tid å ha kjensler for gamle hus som om det skulle vere noko heilag ved dei, seier Øystein Morten.

Samla tenkjer han dei ni gardane som eit vindauge mot noregshistoria fordi dei alle har ulike grunnar til at dei blei etablerte – og fråflytta, og har ulike historier å fortelje oss om folka som budde der.

– Eg prøver å samle nokre restar av fortida for å forstå dei, før mose og jord tek over, seier Øystein Morten. Han bur sjølv på ein gammal gard der driftsbygningane ikkje er i bruk. Og han ser kor fort forfallet kjem.

– Eg har sjølv hus som rasar saman og tek inn vatn. Kjensla av skam har eg også hatt. Men dette bokprosjektet har gjort meg meir interessert i min eigen gard. No har eg byrja tette tak og rydde opp. Så det har kome mykje positivt ut av dette, seier Øystein Morten og ler.