Det var strålande sol og flott vêr over Hareid då den nye gravplassen først vart vigsla av sokneprest Ruth Eva Sollie, og seinare offisielt opna av ordførar Anders Riise.

- I dag er vi glade, fordi vi kan ta i bruk den nye og fine gravplassen i Hareid, men det er litt rart å skulle glede seg over stad der folk samlast i sorg, sa soknepresten under vigslinga.

- Vi treng ein stad som dette. Ein stad der vi kan gravlegge og minnast våre døde, sa Ruth Eva Sollie.

- Denne gravplassen ligg sentralt, og er ein viktig del for heile kommunen. Her kviler forfedrene våre, vår næraste familie, og kanskje ein dag vi sjølve, innleia ordførar Anders Riise då han opna gravplassen.

Open for alle

Ordføraren fortalde at den nye gravplassen er universelt og nøytralt utforma, og at den difor skal kunne nyttast av uavhengig av religion og livssyn.

- Dette er ikkje berre ein stad for gravlegging, men og for refleksjon og ettertanke, og det har blitt eit fantastisk flott parkområde, meinte ordføraren.

Han fortalde og at den nye gravplassen med 350 gravplassar og plassar for urner skal sikre kommunen nok gravplassar dei neste 20 åra, men han la til at dette berre er første delen, og at ein har eit nytt område regulert for vidare utviding ved seinare høve.