Bjørn Egil Flø har vunne Universitetsforlaget sin pris for «Årets tidsskriftartikkel 2013». Han får 25.000 kroner i premie for artikkelen «Me og dei andre – om lindukar, Framstegspartiet og bygda som sosial konstruksjon». Artikkelen har stått i Sosiologisk Tidsskrift.

Flø, som er 50 år gamal og son til Kolbjørn og Emma Flø, er oppvaksen på Flø og bur no i Trondheim der han er forskar ved Norsk senter for bygdeforsking.

I tillegg har Flø nyleg vorte utnemnd til «Vekas nynorske blogg» av nettbladet Framtida.no. Dermed er han også kandidat til å vinne prisen «Verdas beste nynorske blogg» for 2014. I juryen for bloggprisen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida).

Flø sin blogg har namnet «Rurale refleksjonar».

Rural = landleg. Flø seier til framtida.no at han trur på meininga med å produsere kunnskap som kan bidra til å halde landet i hevd.

– Det var far min som lærte meg at det ein har, skal ein ta vare på, forklarer han. Sjølv om han har flytta frå bygd til by, har han stadig det rurale i tankane. Han meiner at norske bygder har høg status i den norske offentlegheita:

– Mest heile vår norskheit er tufta på det rurale, og bygdene er ofte positivt portrettert i media så vel som i dei literære salongane i hovudstaden. Norske bygder har ein formidabel ressurs i bygdebefolkninga. Norske bygdefolk er oppvakte, velutdanna, kloke og reflekterte. Me har gjennomgåande mindre sosiale skilnadar mellom by og bygd i Noreg enn i mange av dei landa me kan samanliknast med - og der ligg også noko av kjernen i den enorme verdiskapinga som skjer i distrikts-Noreg, trur Flø, som likevel åtvarar mot å idyllisere bydga for mykje. Denne idylliseringa kan ha sin pris, meiner han.