Sidan i dag tidleg (fredag) har ein gjeng med karar vore i full aktivitet med å gjere Hareidhallen klar for Hareidsstemna.

Sølvi Utgård og Hans Otto Øvrelid i programnemnda meiner der er mykje å gle seg til.

Fjord og Fjell

Det hadde snike seg inn ein feil i førehandsomtale av Stemnefesten i Vikebladet Vestposten torsdag 9. oktober. Brasskompaniet kjem ikkje til festen, det gjer derimot Fjord og Fjell. Det er ei gruppe med Møremusikarane Peter Wergeni, Audun Skorgen, Øystein Sandbukt og Jo Inge Nes. Dei vil delta både med eige nummer og i lag med fleire av dei andre aktørane på ulike måtar.

Mykje bra

Til Stemnefesten laurdag 18. oktober kjem elles dei lokale kora, Frank Aarebrot, barneskuleelevar, Anne Holstad, Ann-Cesilie Skundberg, Roy Muren, Karina Pieroth, Peter Demirov, Olav Egge Brandal, Stig L. Håheim, Synnøve Hatlen, 50-årskonfirmantar, Johs. Klungsøyr, Leiv Arne Nydal, Hjørungavåg Brass, Torgrim Grimstad. Det blir utdeling av Kulturprisen, kaffipause og allsong.