Sp-leiar Liv Signe Navarsete ønskjer ei grunnlovsfesta likestilling av nynorsk og bokmål, melder Bergens Tidende.
Dei to målformene vart sidestilte i 1885, og i mållova står det at nynorsk og bokmål skal vere likeverdige språk. Navarsete meiner dette ikkje er tilstrekkeleg for å verne det nynorske språket.
- Partia heng etter i språkpolitikken
- Vi ser kva som kjem frå høgresida. Dei ønskjer så til dei grader å svekke nynorsken om dei får makt til å gjere det, seier ho.
Utdanningspolitisk talskvinne Elisabeth Aspaker Svare i høgre avviser kritikken frå Senterpartiet, og meiner den føyer seg inn i rekkja av grove overtramp i dei raudgrøne sin omtale av politikken til høgre.
- Nynorskpolitikk for det 21. århundret
Ikkje overraskande stiller Noregs Mållag seg bak kravet frå Navarsete, medan viseformann Arve Waage i riksmålsforbundet meiner ei grunnlovsfesta likestilling ikkje er naudsynt. Han meiner nynorsk er grovt favorisert i dagens samfunn.