Det er førebels rådmann Einar Vik Arset og assisterande rådmann Verner Larsen som har handsama saka.

Ulstein formannskap får sak opp på møtet tysdag neste veke, før ho går vidare til kommunestyret.

2,7 millionar dyrare

Hausten 2013 kom det signal om at ein arbeidde med ei oppgradering av uteområdet rundt Quality Hotel Ulstein. Det var då naturleg at ein også såg på dette området.

Kommunen har budsjettert med at det vil koste 1,5 millionar + mva. Kommunen skulle koste ein halv million av den summen.

Då dette vart vedteke var planane for området lause. No har ein landskapsarkitekt, Siri Myklebust, laga ein plan for området. Ho har teikna inn sitjeplassar, vatn, skulptur, planter, leikeområde og stiar.

Prisen for å gjennomføre planane er 4,2 millionar kroner. Med ei tredeling mellom hotellet, fylket og kommunen blir det 1,4 millionar på kvar. Altså 0,9 millionar meir for kommunen enn først budsjettert.

Fylket har færre kroner

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått færre kroner frå staten til slike prosjekt. Fylket har fått 40 prosent mindre i 2014, og desse pengane er stort sett brukt opp. Men intensjonen om å støtte utbygging i Ulsteinvik med ein tredjedel er ikkje endra.

Til hausten skal fylket ha møte der dei skal dele ut resten av pengane. Då håpar Ulstein kommune å få tilskotet dei har søkt om.

Til glede for mange

Arset og Larsen argumenterer i sakspapira med at området knyter saman det offentlege trafikkarealet på Sjøsida med hotellet/kulturhuset. Eigarane av hotellet vil også oppgradere uteområdet rundt hotellet. Med det nye parkområdet vil ein få eit samanhengande attraktivt sentrumsområde frå aktivitetsparken på Saunes til og med Sjøsida.

– Vi får òg eit samanhengande areal frå sjøfronten, via Sjøgata til kulturallmenningen og Blåhuspassasjen, skriv dei.

Men høg aktivitet på Sjøborg er det mange som kan gjere seg nytte av dette uteområdet med fjordutsikt.