Eventyraren Jarle Andøy skulle etter planen kome til Brandal for å halde show i Aarvak-bygget torsdag 5. september. Men på grunn av TV-innspeling må Andøy kome til Brandal ein dag tidlegare, 4. september.
Ein del folk har allereie kjøpt billettar til showet, og arrangørane av Brandalsdagane beklagar endringa, men håper onsdag passar for dei fleste. Dei det ikkje passar for, kan ta kontakt der dei kjøpte billetten, og få pengane tilbake.
Showet med Jarle Andøy er ein del av Brandalsdagane, som går frå måndag 2. september til og med søndag 8. september.