Om lag klokka 14.20 kom Hareid kommune med ei melding om vassbrot på Geilane i Hareid.

– Det har skjedd noko med vassleidninga på Geilane som gjer at vi må stenge vassforsyninga til feltet omgåande, skriv kommunen på heimesida si.

Kommunen har ikkje lokalisert problemet og veit difor ikkje når vassleidninga kan verte reparert. Kommunen fryktar at abonnentar i Geilane kan verte utan vatn i fleire timar, då utover fredag ettermiddag eller kveld.